Songboki
Heim eiliv.no
MIDI Mp3 Notar
22.05.24

Den fyrste song av Per Sivle

PDF med notar | MIDI

Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga,
dei mjuke vìk til hjarta gjekk
og kunde graaten stogga.

Dei sulla meg so undarleg,
so stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
upp fraa vaar vesle stova.

Den vegen ser eg endaa tidt,
naar eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kann smila.

Og naar eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt fraa mor si grav
den song som allting heilar.


Lykelord: Den fyrste song tekst, Den fyrste song notar